Jubileumskonsert

Sveio kommune markerer sitt 50-års jubileum helga fredag 30.mai til søndag 1.juni. Ein av Fartein Valen-festivalen sine satelittkonsertar vert ein del av feiringa. Den er og ein del av Førde kyrkje sitt 75-års jubileum. Utøvarar ved konserten er Johanne Haugland, fiolin; Egil Haugland, gitar og Ole Jørgen Furdal, orgel og piano. Velkommen!

FørdeKrkIIEgil Haugland_005

Fredag 30.mai vert det jubileumskonsert i Førde kyrkje kl 18.00. Kyrkja feira 75-års jubileum i 2013 og dette vert markert i konserten samstundes med Sveio kommune sitt 50-års jubileum. Det avsluttande verket i denne konserten er «Kirkeduo» skriven av Ketil Hvoslef. Dette vart utframført i 1988 under Fartein Valen Dagene i Førde kyrkje. Det var derfor naturleg å ta dette opp igjen som del av jubileet. Verket vert framført av Egil Haugland, gitar, og Ole Jørgen Furdal, orgel. Sistnemnde spelar også Toccata og fuge i d-dorisk av Johann Sebastian Bach. Med på konserten er også Johanne Haugland på fiolin. Ho studerer ved Barratt-Due musikkinstitutt og har markert seg som eit stort talent. Fiolinen får ho låne av Dextra Musica og er bygd av Jacob von der Lippe. Dextra Musica låner ut fantastiske instrument til talentfulle unge musikarar. Johanne Haugland framfører musikk av Enrique Granados, Niccolo Paganini, Franz Schubert, Johan Svendsen og Ole Bull. Nytt høve til å høyre denne fine musikaren i Førde kyrkje!

Egil Haugland_005Egil Haugland_005

 207032_10150144442091415_1323387_n

Førde kyrkje fredag 30 mai kl 18.00

Johanne Haugland, fiolin
Egil Haugland. gitar
Ole Jørgen Furdal, piano og orgel

PROGRAM

Ole Bull (1810-1880)

Sæterjentens søndag

Enrique Granados (1867-1916)

Valses poeticos

Niccolo Paganini (1782-1840)

Cantabile

Johann Sebastian Bach (1687-1750)

Toccata og fuge d-dorisk BWV 538

Niccolo Paganini (1782-1840)

Rondoncino

Johann Svendsen (1840-1911)

Romance for fiolin og klaver i G, op 26

Franz Schubert (1797-1828)

L’Abeille i G op 13 nr 9

Ketil Hvoslef (f 1934)

Kirkeduo for orgel og gitar (1989)