Kammeroperaen Nenia

Høstens store begivenhet, Kammeroperaen Nenia, en opera til minne om Fartein Valen, blir i Haugesunds konserthus, Festiviteten 18 og 19.september. Begge dager kl 19. Billetter kan kjøpes hos Festivitetens billettkontor. Fartein Valen er en av de største komponistene innen sin stil, også i europeisk sammenheng. Operaen gir et flott innblikk i livet han levde og musikken han skapte. Vi oppfordrer alle musikkinteresserte til å oppleve denne operaen - den blir en merkestein for kulturlivet i Norge!

Operaen låner sin tittel frå eit av dei sentrale orkesterverka til Fartein Valen, skrive i 1933. Nenia tyder klagesong eller minnesong, og gjer det naturleg å bruke tittelen i ein opera som er skriven nettopp til minne om Valen. Den ytre ramma for handlinga er éin dag under andre verdskrigen, ein dag i 1943, midt mellom vinter og vår. Vi møter Fartein og søstra Sigrid i sitt kvardagsliv, men kvardagens enkle tankar og plikter må etterkvart vike for krigens redsler og framtidsfrykt, og ikkje minst for minne som heimsøker Fartein frå det liv han har levd, heilt frå barndomens Madagaskar til den vaksne komponistens tid i Berlin. Minnebilete bryt seg inn i det kvardagslege, tid og rom løyser seg opp, og det nære og enkle står mot det store og ugripbare. Her er levd liv, men også draumar om det som livet hans aldri gav plass for. Stemmer og figurar dukkar opp og forsvinn, før vi til slutt er attende i Farteins nære kvardagslege verd, i Valevåg, like før vinter må vike for vår.

Musikken i operaen er heilt og fullt Habbestads eigen, men med eit sujett som dette er det rimeleg at element frå Valens musikalske univers til tider vil kunne anast gjennom den nykomponerte musikken, som ein tributt og som ei påminning.

Nenia

– ein kammeropera til minne om Fartein Valen

PHH

Paal-Helge Haugen, som har skrive librettoen, har i fleire tiår vore ein av dei fremste norske skjønnlitterære forfattarane, med over 30 bøker utgitt, i dei fleste sjangrar. Ein del av desse er omsette til fleire språk, og han har mottatt alle dei store norske litteraturprisane, inkludert Brageprisen, Gyldendalprisen og Aschehougprisen. Han har skrive tekst til større verk av komponistar som Arne Nordheim og Cecilie Ore, men mest har han samarbeidd med Habbestad, m.a. med operaen ‘The Maid of Norway’. Librettoen til denne operaen vart i 2000 tildelt TONOs Edvard-pris.

 


 

Kjell Habbestad

Kjell Habbestad, som skriv musikken, er ein av dei mest produktive og allsidige norske komponistane. Verklista hans er lang, og fleire av verka er prislønte og spela inn på CD. Han er også professor ved Norges Musikkhøgskole. Han har fleire operaer og andre musikkdramatiske arbeid på verklista, m.a. i samarbeid med Paal-Helge Haugen. Han er fødd og oppvaksen på Bømlo, og lokalt vil han nok vere mest kjend for musikken til Mostra-spelet.

 

 


 

Mira BartovMira Bartov, som skal ha regien, har skodespelar-, musikar- og regiutdanning frå Stockholm og London, og har trass sin relativt unge alder vore både operasjef ved Folkoperan i Stockholm og professor i ‘musikdramatisk gestaltning’ ved universitetet i Göteborg. Ho har hatt store regioppgåver for operahus utanfor Skandinavia, m.a. i Genève. Ho har også arbeidd med andre typer musikkdramatikk, og har m.a. gjort ei svært vellykka oppsetting av musikalen ‘Chess’. – Dette vil bli Mira Bartovs første regioppgåve i Noreg, og vi reknar oss som utifrå heldige som har fått ein slik kapasitet med på laget.

 


 

 

Rådgiver scenografi og lysdesign: Kristin Bredal

 


 

 

Gjøril Songvoll

 

 

 

 

Produsent: Gjøril Songvoll

 


 

Rollen som Fartein Valen i Nenia

Rollen som Fartein Valen i Nenia


Mathias Gillebo, tenor
, har Bachelor i klassisk sang fra Norges musikkhøgskole      2008 og Master fra Operahøgskolen 2011.

Gillebo er en av Norges mest brukte sangere når det gjelder oratorier, pasjoner og messer. Han er en ettertraktet Bach-evangelist, i tillegg til medvirkning i produksjoner av verk som Messias av Händel, Skapelsen av Haydn og Rekviem av Mozart.

Han har vært solist ved Risør kammermusikkfestival, Oslo Internasjonale Kirkemusikkfestival, Oslo Opera Festival og Nordland Musikkfestival, der han har sunget verk av Mozart, Haydn, Bach, Stravinskij og Scarlatti.

I 2013 debuterte han ved Den norske opera i rollen som Daniel i F.Scwemmers Robin Hood , og har etter dette hatt flere roller ved operaen.

Gillebo har arbeidet med dirigenter som Terje Kvam, Herbert Böck, Grete Pedersen, Kåre Nordstoga, Terje Tønnesen, Kjetil Almenning, Oddgeir Ketilstad, Håkon Daniel Nystedt, Magne Draagen, Martin André, Aaron Carpene, Tore Erik Mohn, Gjermund Bjørklund, Hans van der Meijden, Gerhard Markson, Helge Harila, Terje Boye Hansen, Ari Rasilainen, Pierre-André Valade, David Maiwald og Peter Szilvay.

Gillebo har også en Master i teologi om teologiske implikasjoner i musikalsk fremføring.


 

Unknown-1

 

 

 

 

Sigrid Valen: Lydia Moellenhoff, mezzosopran

 

Unknown-3

 

 

 

 

Mannen: Daníel Óskar Daníelsson, bassbaryton

 

Magnhild Korsvik

 

 

 

 

Kvinna: Magnhild Korsvik, sopran

 

Samansett sinfoniettaensemble

 

Magnus

Magnus Loddgard – Dirigent og musikalsk ansvarlig – studerte klaver og dirigering på Norges Musikkhøgskole samt dirigering ved Universität der Künste i Berlin, hvor han nå er bosatt. Han har jobbet innenfor mange sjangre både som pianist, repetitør, komponist og dirigent, i tillegg til å være leder for Fjøsfestivalen, en musikk- og litteraturfestival som blir arrangert på hjemgården Loddgard i Melhus. Både som pianist og som dirigent har Loddgard jobbet mye med samtidsmusikk og mye med opera, og operarepertoaret spenner fra Monteverdi til urfremføringer. Han har blant annet dirigert Verdis Macbeth og Brittens The Rape of Lucretia ved Den Norske Opera & Ballett, og dirigert både ballett og opera ved Ho Chi Minh City Opera & Ballet, samt Carmen og La Bohéme Kristiansand symfoniorkester og Opera Sør. Han har dirigert blant andre Oslo Filharmoniske Orkester, Kringkastingsorkesteret, Trondheim Symfoniorkester, Oslo Sinfonietta, Trondheim Sinfonietta, Bodø Sinfonietta og Dresdner Symfoniker, og er fast dirigent for ensemble neoN. Han er pianist i Ensemble Ernst, og har vært solist med Trondheim Symfoniorkester, Kringkastingsorkesteret og Kristiansand Symfoniorkester. Han har både som pianist og dirigent hatt gleden av å urfremføre mange verker.

 

 

 

Dirigent: Magnus Loddgard

 

Speletid ca 75 min., utan pause

 

Framføringar:

 

Premiere: Ultima, 15. september

Festiviteten, Haugesund: 18. og 19. september

Oslo Operafestival: 8. oktober


 

Slide5