Klaverkonsert Onsdag 15.oktober

EGlogo-1

Fartein Valen-arbeidet er en del av nettverket til Troldhaugen. En frukt av dette, er konsert med deltakere fra den internasjonale Grieg-konkurransen i Bergen. Det er nå to år siden vi hadde besøk fra denne konkurransen og det ble en stor opplevelse. Fantastiske unge musikere på et meget høyt nivå. Vi er veldig glade for å kunne invitere nok en gang til denne begivenheten!

Les mer her

PRESSEMELDING OM GRIEGKONKURRANSEN OG KONSERTTURNÉ I HORDALAND FYLKE

 

Grieg 

The International Edvard Grieg Piano Competition 2014
Frå 11. til 18. oktober 2014 vil 27 særs gode pianistar frå heile verda vera i

Bergen for å delta i ”The Edvard Grieg International Piano Competition”.

I 2012 flytta den internasjonale pianokonkurransen ”Concours Grieg” frå Oslo til Bergen, og arrangementet blei vurdert som særs vellykka. Til årets konkurranse melde det seg heile 101 søkarar, og av desse er 30 inviterte til Bergen for å tevla om den gjeve førsteprisen på 30.000 Euro.
Samarbeidspartnarar er Bergen Filharmoniske Orkester, Griegakademiet, Bergen Offentlege Bibliotek og Troldhaugens Venner.

 

Regional konsertturné

Arrangementet er i hovudsak knytt til Troldhaugen og Grieghallen, men Edvard Grieg Museum Troldhaugen ynskjer også å leggja til rette for at konkurransen blir eit regionalt samarbeidsprosjekt.
Takka vera god støtte frå Hordaland fylkeskommune kan nokre av dei utøvarane som ikkje kjem til finalen få reise til andre delar av Hordaland, og knyta tettare band til arrangørar i regionen som har gode arenaer for klassisk musikk.
Onsdag den 15. oktober kl. 19.30 vert det mogeleg å høyra pianistane på konsertar på Kabuso i Øystese, i Osasalen på Ole Bull-Akademiet på Voss, på Knarren i Knarvik og i Valestrand Kulturkyrkje i Sveio (NB: kl. 19.00 i Sveio).

Konkurransen vil slik nå ut til heile regionen, og deltakarane får eit unikt høve til å oppleva eineståande natur og kultur i Bergen og Hordaland, og samstundes ta del i den rike musikkarven i regionen.

 

IMG_7381