WorkshopValen 17-20.9

– ein tverrkunstnarleg workshop i intuitiv skaping og improvisasjon 

Tema for årets workshop er Harmoni – Konflikt – Løysing

Kunstnarar:

Magnar Åm  – musikk; Marit Moltu – bilde; Solveig Styve Holte – dans

Elevar i 7.klasse frå grunnskulen i Sveio visar fram noko av det dei har arbeidd med under WorkshopValen


 

Avsluttande forestilling:
Torsdag 20.9 kl 18.00

Valestrand kulturkyrkje

Fri entre


Bakgrunn:
Improvisasjon er å gjere det beste ut av kvar augneblink utan å vite på førehand kva ein skal gjere. Det krev ei open, uredd innstilling, og det krev eit blikk eller øyre for kva som gagnar best til ei kvar tid. I gruppeimprovisasjon krev det også eit fokus på å balansere mellom å ta plass sjølv og å gi andre plass. Improvisasjon er ein naturleg del av både det individuelle og det sosiale livet. Men det er også ein dugleik innanfor kunstgreinene. Og det er dei same haldningane som krevst der som i livet. Difor meiner me at det å trene opp improvisasjonsevnene i kunstaktivitetar kan kome til nytte i livet elles, føresett at ein får tilsvarande rettleia trening i å overføre desseevnene til daglege livssituasjonar.

WorkshopValen vil gjere ein innsats for å gi elevar og lærarar ei praktisk innføring i kunstfagleg improvisasjon, og me vonar lærarane tek med seg dette inn i den ordinære skuledagen og vidare inn i livsimprovisasjonstrening med elevane, til dømes som dramatisering av sosiale konfliktar og takling av desse.

WorkshopValen, vart starta opp av komponisten Magnar Åm i samband med tildeling av Fartein Valen-stipendet 2003 – og det er grunntankane hans som har prega utforminga av improvisasjonsverkstaden. FarteinValen-stiftelsen ser på WorkshopValen som eit viktig tiltak. I tråd med ideane til den kulturelle skulesekken, har det vore vår intensjon å la elevane få møte kunstnarar i ein medskapande prosess. Arbeid med kunstnarlege prosesser som ide og verktøy, vil opna opp for ei vidare erkjenning hjå elevane. Kunsten har ein eigenverdi og gjennom improvisasjons-verkstaden vert elevane også utøvarar i ein kunstnarleg prosess. Dei får eit verktøy dei kan nytta til utfordringar dei møter i liva sine, både utfordringar, dypare erkjenning og problemløysing. Denne aldersgruppa treng også å opparbeide personleg tryggleik og dei vil derfor ha glede av å ha opplevd meistring på denne måten.  Med bakgrunn i dette ynskjer vi å utvikle årets workshop til ein firedagars workshop slik: kvar elevgruppe får ein dag der kunstnargruppa kjem til deira skule og elevane får prøve seg i dei ulike kunstartane. Dette vil skje på tre ulike stader i kommunen. Den fjerde dagen samlar vi alle elevane til ein felles dag i Valestrand kulturkyrkje der treninga vert i utøving og samspel mellom kunstartane. Dagen endar i ei improvisert multi-kunstforestilling der lærarar og foreldre er inviterte og som er open for publikum elles.